Du er her

Utlysing av prosjektmiddel for 2017

Noregsuniversitetet lyser ut prosjektmiddel for prosjekt med oppstart i 2017, og som varer i inntil to år. Midla skal gå til prosjekt innanfor tre innsatsområde:

  • Aktiv læring
  • Digitale læringsformer for arbeidslivet
  • Digital vurdering

Kven kan søke?

Alle norske, akkrediterte universitet og høgskolar kan søke. Institusjonar med utdanningar som er akkreditert som høgre utdanning, kan også søke.

Gå til kriteria for prosjektmiddel

På Noregsuniversitetet sin haustkonferanse i Tromsø 27. og 28. september blir det delt røynsler frå aktive prosjekt, og vi gir rettleiing til dykk som søker middel.

Fram til søknadsfristen 20. oktober kan du få rettleiing på telefon eller via nettmøte. Ta kontakt med Ida Grepperud.