Du er her

Klasseromsquiz i Matematikk

Stimulans til diskusjon og samarbeidslæring i matematikk

Quiz, i ulike variantar, har vorte ein populær teknikk for å fremja aktivitet i klasserommet, men eksisterande system (t.d. Kahoot) manglar tilstrekkeleg støtte for matematikk. Målet med dette prosjektet er å innføra systematisk bruk av samarbeidslæring i to konkrete matematikkemne, ved hjelp av slike quiz-system. For å nå dette målet må me

Utvikla eit quiz-system som tillet matematisk notasjon i spørsmål og svar, og som legg til rette for bruk i klasserommet. Utvikla spørsmålssamlingar som er egna for å skapa relevant diskusjon i klasserommet. Testa ut quiz som ein drivar for diskusjon og annan samarbeidslæring i klasserommet.

Quiz-systemet vert utvikla som ein plugin i Moodle, og vil byggja på eksisterande plugins.

Det overdordna målet med prosjektet er å utnytta sosiale læringsprosessar på ein måte som skalerer til klasser med fleire hundre studentar. Quizen tener direkte to formål, for det fyrste stimulerer han kvar einskild student til å ta stilling spørsmålet som vert stilt, og for det andre kan læraren identifisera tema som krev betre gjennomgang. Spørsmål der studentane gjev ulike svar er godt egna for diskusjon i små grupper, noko som er venta å gje betre læringsutbyte enn fasit frå førelesaren.

Erfaringer underveis

Sluttresultater

Viktigste lærdommer: 

Detaljer

Fagområde: 
Naturvitenskapelige, håndverks- og tekniske fag

Kontaktperson

Hans Georg Schaathun
Professor
Telefon: 
70161231

Studietilbud som utvikles