Norgesuniversitetet har blitt Diku – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning. Det vil komme et nytt nettsted tidlig 2019.

Du er her

Framtidas ingeniørutdanning i Sunnhordland

Kva "pedagogisk omstilling" er nødvendig for å møta omstillinga i arbeidslivet?

Hausten 2016 starta Høgskulen på Vestlandet opp ei spesialtilpassa bachelorutdanning i ingeniørfag i samarbeid med industrien i Sunnhordland. Dette er eit spesielt tilrettelagd 2-årig løp for folk som har gjennomført 2-årig teknisk fagskule, der ein gir innpass for 60 sp basert på fag som er gjennomført ved fagskulen. Industrien har vore sterkt med i utviklinga av studiemodellen, eit fleksibelt løp tilpassa folk som er i arbeid.

I prosjektet «Framtidas ingeniørutdanning i Sunnhordland» ønskjer me å auka det pedagogiske fokuset på bruk av læringsteknologi når ein utviklar slike fleksible utdanningar i samarbeid med næringslivet. Ulike kulturar for læring eksisterer på høgskular, universitet og i industrien. Diskusjonar rundt undervisingsformer er krevjande, men er ei svært viktig målsetjingfor dette prosjektet. Me kjem difor til å arrangera prosjektseminar der deltakarar frå høgskule og næringsliv møtes for å diskutera pedagogiske problemstillingar, samt utvikla case og oppgåver som kan brukast inn i undervisinga. Det tette samarbeidet mellom HVL og industri skal også visa igjen i utarbeiding og gjennomføring av nye vurderingsformer. Her vil me bruka konferanse som arbeidsform inn i eit av faga i utdanninga, der studentane skal løfta fram relevante problemstillingar i faget og bruka industrien i utviklinga av ein konferanse. Dette meiner me vil vera med å styrka læringsutbyttet sin relevans for næringslivet.

Høgskulen opplever at studentar i alle avdelingar etterspør meir fleksible, nettstøtta og samlingsbaserte utdanningar. Samtidig er endring av pedagogikk og metodikk etterspurt blant dei tilsette. Ei av utfordringane er at alle utdanningar har sine særtrekk, med ulike studentgrupper, ulik etterspurnad og ulike utfordringar. Me treng difor fleire gode døme på modellar som kan fungera. Prosjektet håpar å koma fram til arbeidsmåtar for både studentar og tilsette som andre utdanningar kan læra av, og me ynskjer å dela desse i høgskulen.

Erfaringer underveis

Sluttresultater

Viktigste lærdommer: 

Kontaktperson

Rannveig Litlabø
Førsteamanuensis Ingeniørfag
Telefon: 
91111279

Studietilbud som utvikles