Nettbrett gir aktive praksisstudentar

Bruk av nettbrett i lærarutdanninga si praksisrettleiing bidrar til at studentane blir sterkare involvert i kvarandre si læring. 

Prosjektet Nettbrett i praksisveiledning har som mål å prøve ut og utvikle bruk av nettbrett som plattform for lærarutdanninga si praksisrettleiing. Nettbrettet blir brukt for å skape samanheng mellom undervisning, observasjon og rettleiing.

– Resultata så langt er kjempegode. Bruk av nettbrett i praksisrettleiing skaper aktivitet og engasjement hos studentane. Dei blir aktive observatørar og stiller samtidig betre førebudd til rettleiing, fortel prosjektleiar Petter Mathisen frå Universitetet i Agder sitt pedagogiske utviklingssenter PULS. 

Han får støtte av Cato Bjørndal ved institutt for lærarutdanning og pedagogikk ved UiT Norges arktiske universitet. Dei to har samarbeidd om prosjektet. 

– Undersøkinga vi har gjennomført, viser ein markert forskjell i den opplevde læringa. Kvaliteten ved rettleiinga har blitt betre og bidrar dermed til større læringsutbytte, seier han. 

Sterkare delingskultur 

Så langt har 43 studentar og 17 praksislærarar frå UiA og UiT deltatt i prosjektet. Dei bruker nettbretta i undervisning, observasjon og rettleiing når dei har praksisperiodar ute i skolane. 

– Både studentar og rettleiarar gir positive tilbakemeldingar, seier Mathisen. 

Nettbrettet har også bidratt til ein sterk delingskultur blant prosjektdeltakarane. 

– Eg blei overraska over den sterke delingskulturen som utvikla seg. Studentane deler blant anna observasjonsnotat, bilde og videoopptak,  og gir åpne og ærlige tilbakemeldingar på kvarandre si undervisning. Med nettbrettet utnyttar vi langt meir av potensialet som ligg i grupperettleiing, seier Bjørndal.     

I den grad det har vore utfordringar knytta til bruk av nettbrett, handlar det først og fremst om å videreutvikle rettleiingspedagogiske tilnærmingar og programvare. 

– Vi bruker eksisterande programvare som i utgangspunktet ikkje er designa for formålet. I fortsetjinga ser vi at det kan være behov for meir skreddersydd programvare, forklarer Mathisen. 

Blant programma som har blitt flittigst brukt er Evernote, Skitch, ulike skylagringstenester og ikkje minst kamera- og videofunksjonen i nettbrettet. 

– Ein viktig "added value" frå prosjektet er at studentane har økt sin generelle IKT-kompetanse, seier prosjektleiaren. 

Vegen vidare 

Så langt har prosjektet vore avgrensa til lærarutdanninga. Mathisen og Bjørndal fortel begge at dei har blitt kontakta av andre miljø der observasjonsbasert rettleiing er ein viktig del av studiet. 

– Framover ønsker vi å sjå på korleis våre erfaringar kan brukast i andre fagmiljø. Vi ønsker å ta prosjektet vidare, og jobbar med å knyte til oss samarbeidspartnarar både i Norge, Sverige og Danmark, seier Mathisen. 

På grunn av internasjonal interesse for prosjektet har dei utviklet ein informasjonsvideo også på engelsk. 

– I tillegg har vi sendt ein artikkel til eit engelskspråklig tidsskrift. Denne håper vi å få på trykk før prosjektet avsluttast til jul, forteller Mathisen. 

Avslutningsvis understrekar han at dei er opptatt av å gjere læringa mindre avhengig av nettbrettet i seg sjølv. 

– "Bring your own device" er noko vi må sjå nærmare på. Teknologien er i endring. Nettbrettet er ikkje verdiøkande i seg sjølv, det er tankegangen om å bruke aktuell teknologi i rettleiingsarbeidet som er viktig, forklarer han.  

Les meir og sjå videoar på praksisveiledning.no

 

Gå til prosjekt: Nettbrett i praksisveiledning

Skriv ny kommentar