Norgesuniversitetet har blitt Diku – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning. Det vil komme et nytt nettsted tidlig 2019.

Samarbeid gav økt kvalitet på læringsressursane

Hausten 2014 lanserte institutt for fysikk og teknologi ved UiT Norges arktiske universitet, eit campusbasert innføringsemne i fysikk. Då dei etter kvart blei kontakta av lærarar som ønskte seg eit distansebasert kurs i det same emnet, var dei ikkje tung å be. 

– Vi bestemte oss for å vidareutvikle nokre av dei læringsressursene vi hadde, for å kunne tilby eit nettbasert innføringskurs i fysikk. Samtidig ville vi gi studentane på campus tilgang til enda fleire ressursar, fortel Kjell Øystein Netland, universitetslektor og prosjektleiar for det Norgesuniversitet-støtta prosjektet “Fysikk på nett”. 

Godt samansatt prosjektgruppe 

Det første prosjekthalvåret blei brukt til planlegging og førebuing av nettkurset. 

– Vi henta inn erfaringar frå andre som har gjennomført nettkurs, lagde screencasts, og  bygde opp LMS-et, seier Netland. 

Å lage dei digitale læringsressursane gjekk greit. Det dei brukte mest tid på var å gjere seg kjent med det nye LMS-et, Canvas. 

– Men vi fekk det sånn som vi ville ha det, takka vere godt samspel internt på institusjonen, forklarer prosjektleiaren. 

Prosjektgruppa er sett saman av både faglege og tekniske ressursar. IT-avdelinga har hjulpe til med LMS-sida i Canvas, og lært fagpersonane å bruke løysinga. Result, som er UiT sitt ressurssenter for undervisning, læring og teknologi, har bidratt med tekninsk og didaktisk kompetanse for produksjon av screencasts. Institutt for Ingeniørvitenskap og sikkerhet (IIS) har laga ein god del videoar til kurset, som også er blitt brukt til kurs på IIS. 

– Alle partar har jevnleg vore med i prosjektgruppemøte. For oss var det eit suksesskriterium med ei prosjektgruppe kor alle deltakarane var nært det vi jobbar med, seier Kjell Øystein Netland. 

Digital eksamen 

Både nettstudentane og campusstudentane har gitt gode tilbakemeldingar på dei nye læringsressursane. Dei er også nøgd med å ha hatt digital eksamen i emnet. 

– I løpet av prosjektet har det oppstått eit aktivt samarbeid med prosjektansvarlig for digital eksamen ved UiT. Her har vi i lag fått til digital eksamen,  fortel Netland.

Studentane som deltok i piloten hausten 2015, fekk ein todelt digital eksamen. Først ein 3-dagers heimeeksamen midt i semesteret, deretter ein 3-timers heimeeksamen ved semesterslutt.  Tilbakemeldingar frå studentane og erfaringar frå faglærarar er at studentane hadde stort læringsutbytte av del 1 av digital eksamen. Samtidig var det 3-timers heimeeksamen med fleirvalgsoppgåver som skillte best mellom studentane.

– Vi vil fortsette med digital eksamen også i 2016, når vi startar eit nytt kurs, seier Kjell Øystein Netland. 

Han er nøgd med resultata etter innføringa av digital eksamen. Pilotstudiet 2015 i forhold til vanleg eksamen i 2014, med mykje av det samme tema, viste 30 % A, gjennomsnitt C og ingen stryk, i motsetning til i 2014 kor det var flest C og 25 % stryk. 
 

Gå til prosjekt: Fysikk på nett

Skriv ny kommentar