Norgesuniversitetet har blitt Diku – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning. Det vil komme et nytt nettsted tidlig 2019.

Du er her

Digital læring i arbeidslivet

Elektriske maskiner

Fagskulen i Sogn og Fjordane, avdeling Førde og Høgskulen på Vestlandet, Institutt for elektrofag ved Campus Førde samarbeider om å opprette eit næringsretta kurs- og konferansesenter i Førde. Første steg er å lage til kursopplegg knytt opp mot elkraftlaboratoriet som er lokalisert på Verftet. Dette laboratoriet vart i si tid finansiert av Sunnfjord energi og Sogn og Fjordane energi ved oppstart av bachelorutdanning i energi, elkraft og miljø ved Campus Førde i 2012. Det innheld ein komplettt linjelab, ein høgspentlab og elektriske motorar. Første steg i utviklinga av kurs er å lage ein MOOC av emnet Elektriske maskiner (10 studiepoeng), eit emne som har likt innhald på fagskulen og høgskulen. Målet er å lage 4 modular på 2.5 studiepoeng kvar som kan tilbydast næringslivet og andre som enkeltkurs. Delmål er å auke kompetansen i å lage digitale læringsressursar, korleis strukturere kurs tilpassa næringslivet og metodar for å fjernstyre laboratorium. Bransjen har stort behov for kurs når det gjeld sertifiseringar og oppdatering av kompetanse. Elkraftlaboratoriet kan også brukast i samband med testing av utstyr. Det er sett ned to arbeidsgrupper, der den eine skal lage laboratoreøvingar som kan fjernstyrast slik at oppgåvene kan utførast frå kvar som helst. Den andre gruppa skal arbeide med det faglege innhaldet, og kombinere kunnskapane som fagskulen har med fjernundervisning med høgskulen sin kompetanse i utvikling av digitale læringsressursar. Oppstartsmøtet var 26. januar 2018, og prosjektet skal avsluttast i juni 2019.

Erfaringer underveis

Sluttresultater

Viktigste lærdommer: 

Detaljer

Fagområde: 
Naturvitenskapelige, håndverks- og tekniske fag

Kontaktperson

Joar Sande
Høgskulelektor og programkoordinator elkraft
Telefon: 
41440591

Studietilbud som utvikles