Norgesuniversitetet har blitt Diku – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning. Det vil komme et nytt nettsted tidlig 2019.

Betre læringsaktivitetar i matte gjennom spel

Målet er å lage eit studietilbod i matematikk i lærarutdanninga som set fokus på praksisbaserte og utviklingsorienterte opplegg for læring, samt å utvikle nye digitale læringsressursar.

- To ulike studiegrupper har jobba saman: Lærarstudentar med fordyping innan matematikk, og Bachelorstudentar. Dei lærar av kvarandre: Spelstudentane får innføring i didaktiske problem, og lærarstudentane blir betre til å jobbe med dei digitale ressursane, seier prosjektleiar og studieleiar Robin Munkvold ved Høgskulen i Nord-Trøndelag.

Høgskulen har i dag eit studie som kallast "Spel og opplevingsteknologi" på bachelornivå, og lærarstudentane knyttas opp mot studentane her.

Simulering i undervisninga

Ein undervisningsaktivitet kan vere ei simulering av ein vilkårleg situasjon, til dømes kast med tre terningar:

Ein IKT-ressurs kan simulere svært mange gjentakingar av dette forsøket, og studentane skal vidare diskutere og analysere dei observerte resultata.

Etter at elevane har observert ein tilfeldig situasjon med ei simulering, kan dei sette seg i grupper og diskutere og analyse problemet. Her kan de velje å bruke andre hjelpemiddel om dei ønskjer, som til dømes papir og blyant, kalkulator, eller andre digitale ressursar. Målet med heile undervisningsaktiviteten er at elevane skal forstå matematikken. Spel og animasjonar gjer slike forsøk lettare å nå for alle elevane, og vil truleg også bidra til auka motivasjon og variasjon i læringsaktivitetane.

- I tradisjonell undervisning er fokus ofte retta mot å øve på reglar. Forsking syner at elevanes læringsutbytte ofte er liten med ein slik metode. Vi ønskjer å bygge på den omfattande forskninga som er gjort innan matematikkdiaktikk. Denne syner blant anna at en inquirybasert undervisningstilnærming bidreg til auka motivasjon og betre forståing av det dei jobbar med, seier Munkvold.

Gode læringsressursar

Håpet er at læringsressursane skal kunne nyttes på barne- og ungdomsskuler. Så langt har ikkje studentane greid å utvikle gode nok ressursar, og ein må nytte kompetanse frå spelindustrien for å gjere de gode nok til læringsaktivitetane.

Resultata og ressursane frå prosjektet vil ligge tilgjengelege på nettstaden matikk2012.wikispaces.com.

Gå til prosjekt: Ma`tikk- Multimedia-beriket, inquiry-basert matamatikk-didaktikk