Norgesuniversitetet har blitt Diku – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning. Det vil komme et nytt nettsted tidlig 2019.

Ledige stillinger

Seksjonsleiar - Seksjon for utdanning og digitalisering

 

Diku har ledig ei nyoppretta fast 100 % stilling som leiar ved Seksjon for utdanning og digitalisering, med arbeidsstad Tromsø. Seksjonen har i dag åtte faste tilsette og er knytt til Avdeling for kompetanseutvikling og digitalisering. Seksjonsleiaren rapporterer til avdelingsdirektør for denne avdelinga. Tilsetjing etter nærmare avtale.
 
Vi søkjer ein erfaren og fagleg trygg leiar, som har gode leiareigenskapar og kan vere ein pådrivar i arbeidet med å vidareutvikle seksjonens verkemidlar, implementere endringar, identifisere og utvikle moglegheiter innan seksjonen sitt ansvarsområde. Kandidaten skal og bidra til ein heilhetleg og tverrfagleg tilnærming til fagområdet. Seksjonsleiaren vil ha ansvar for styring og leiing av seksjonen, og vil vere ein viktig rådgivar og sparringspartnar for avdelingsdirektør, i arbeidet med å vidareutvikle Dikus rolle og verksemd. Seksjonens verksemd er idag primært retta mot høgare utdanning, men fagskulane inngår og i seksjonens målgruppe.

Vi søkjer kandidatar som er strategisk, analytisk og prosessorientert, samt har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner i tillegg til å vere ein god relasjonsbyggjar. Vi legg særleg vekt på at kandidatane er godt eigna.

Les meir og søk stillinga her.