Ny app førebur lærarstudentar på kvardagen som ventar

anders-grov-nilsen-iphone-1200x628.jpg

Anders Grov Nilsen, prosjektleiar for "Lærar for ein dag"
Førstelektor Anders Grov Nilsen har vore prosjektleiar for det Noregsuniversitet-støtta prosjektet “Lærar for ein dag” ved Høgskulen på Vestlandet. Foto: Terje Rudi, HVL

Høgskulen på Vestlandet har utvikla ein læringsapp som skal førebu lærarstudentar på situasjonar dei kan møte i klasserommet. 

– Vi valde å lage ein app fordi vi meiner det gir den beste læringa, fortel førstelektor Anders Grov Nilsen, som har vore prosjektleiar for det Noregsuniversitet-støtta prosjektet “Lærar for ein dag”. 

Tilpassar undervisninga til studentane sine vanar

Lærarutdanninga har blitt hybridisert det siste tiåret, med meir nettbasert undervisning og fleire deltidsstudium. Dermed må institusjonane tenke nytt omkring korleis dei organiserer undervisninga. Studentane vil ikkje koma til campus for å delta på tradisjonelle einvegsforelesingar som kunne vore distribuert via nettet. Men dei vil koma til campus for å ta del i meiningsfylte og lærerike aktivitetar.

– Med den nye appen tilpassar vi oss studentane sine lærevanar, og tilbyr eit meir tidsriktig undervisningsopplegg, seier Grov Nilsen.

At prosjektet skulle utvikle ein app var ikkje bestemt frå starten av. Dei visste at dei måtte lage noko som fungerer både på smarttelefon og nettbrett, men utover det var det innhaldet som bestemte forma. 

– Vi valde ein app med videoar og refleksjonsspørsmål fordi vi meiner innhaldet ikkje kunne vore formidla betre på anna vis. 

I appen finn du videoar frå tre ulike klasseromssituasjonar. Ein av filmane viser ein lærar som møter ein stille elev i klasserommet. 

–  Alle studentane møter ikkje ein stille elev i praksisperioden sin. Dermed tilfører appen læring dei elles ikkje ville fått, forklarer Grov Nilsen. 

Inviterer til refleksjon

Prosjektgruppa har fått høyre at situasjonane i videoane er autentiske. Det har vore viktig i utviklingsarbeidet. Kvalitet på videoane og innhaldet elles har også stått sentralt. 

– Å bruke gode filmfolk er verkeleg verdt pengane. Vi valde å bruke eit byrå med ein regissør som mellom anna har erfaring frå NRK Super. Han har jobba med barn før, som var viktig for å skape nettopp autentiske videoar, seier Anders Grov Nilsen. 

NettOp, Universitetet i Stavanger si avdeling for utvikling av digitale læremiddel, har også teke del i den tekniske utviklinga av appen. 

Det er enno litt tidlig med tanke på tilbakemeldingar i stor skala, men nokre innspel har prosjektgruppa fått. Studentane seier mellom anna at videoane og spørsmåla skapar engasjement. 

– Spørsmåla i appen har ikkje nødvendigvis eit fasitsvar. Dei ulike situasjonane kan handterast på forskjellige måtar. Hensikta er framom alt å bidra til gode diskusjonar. Appen skal gi rom for å gå inn i pensumstoffet saman med medstudentar og lærarar, fortel prosjektleiar Anders Grov Nilsen. 

 Appen “Lærar for ein dag” ligg opent tilgjengeleg i App Store og Google Play. 

Skriv ny kommentar