Auka studiekvalitet med digital læringssti

For å auke kvaliteten på innovasjonsstudiet for kommunesektoren, har Høgskolen i Lillehammer utvikla ein digital læringssti ved hjelp av læringsplattformen Moodle.

Nasjonal innovasjonsskole for kommunesektoren har vært gjennomført fem gonger allereie. Studiet er oppretta av Høgskolen i Lillehammer (HiL) og Høgskolen i Gjøvik på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 

– Det spesielle med studiet er at det er kommunane som søker om opptak for ei gruppe tilsette på 3-4 personar. Gjennom studiet skal deltakarane jobbe saman i grupper kommunevis, med eit innovasjonsprosjekt som tek utgangspunkt i ei konkret utfordring i eigen kommune, forklarer prosjektleiar Line Heitman Kristiansen ved HiL.

Med seg i prosjektgruppa har ho Toril Ringholm, som er fagleg ansvarlig for studiet, og Gunhild Wedum, som har ansvar for kreative metodar.

Digitale verktøy som støtte i innovasjonsprosessen

I innovasjonscaset følger studentane fasane i innovasjonsprosessen; frå idegenerering til implementering og gevinstrealisering av prosjektet. Etter første kull ga studentane tilbakemeldingar om at dei ønska seg meir støtte i sjølve innovasjonsprosessen. 

– Mesteparten av studietida er ikkje studentane på studiestedet. Derfor var det naturleg for oss å tenke digitale løysingar. Det vi enda opp med har vi kalla ein digital læringssti, som er ei strukturert samling av digitale ressursar og verktøy kor studentane blir leda gjennom fasane i innovasjonsprosessen, seier Kristiansen. 

Læringsstien er laga i Moodle, og inneheld mellom anna: 

  • Miniforelesingar til kvart hovudtema
  • Fagtekstar og fagstoff
  • Eksempel frå innovasjonar i praksis
  • Oppgåver
  • Digital historiefortelling

Innoverer planarbeidet i eigen kommune 

Jenny Eide Hemstad frå Lunner kommune er ein av studentane på innovasjonsskolen dette året. Ho er glad for moglegheita til å studere ved sida av full jobb. 

– Kombinasjonen av samlingar og nettbasert undervisning fungerer utmerket. Eg skulle ønske at fleire studium blei tilbydd på denne måten, også på masternivå, seier ho, og legg til at ho trur det i mange tilfelle gir betre læringseffekt å studere når du har vore nokre år i arbeidslivet. 

– Då har du fleire knaggar å henge det teoretiske stoffet på. 

Frå Lunner kommune er dei ei gruppe på 3 personar på innovasjonsskolen. Saman jobbar dei med eit innovasjonsprosjekt knytt til tenesteoptimalisering, altså ein metode for samarbeidsdriven innovasjon. 

– Planarbeid har tidlegare vore rådmannen sin arena. No inviterer vi politikarar, medarbeidarar, tillitsvalde og leiarar med heilt frå starten av. I tillegg har vi fått innspel frå brukarar, som har fortalt sine historier. Det har gitt stor verdi, forklarer Hemstad. 

Fornøgd med den digitale læringsstien 

Hemstad er fornøgd med den digitale læringsstien i studiet. 

– Eg liker spesielt godt å kunne sjå korte videoar i forkant av ei samling. Det gir ei rask innføring i temaet for samlinga, seier ho. 

Læringsstien bruker ho og medstudentane både i prosjektarbeidet og til å løyse oppgåver. I tillegg deler dei dokument i Moodle, og diskuterer både gruppevis og i åpne rom. 

Foreløpig er læringsstien tilgjengeleg berre for studentar som er teke opp på innovasjonsskolen. 

– Når studiet er ferdig utvikla våren 2017, kan det bli aktuelt å legge delar av den digitale læringsstien åpent tilgjengeleg for kommunar via KS sin læringsplattform, avslutter prosjektleiar Line Heitman Kristiansen frå HiL.

Sjå videoar fra studiet

Bruk av video i studiet: Korleis spres innovasjonar?

Innovasjonsprosjektet generasjonssong frå Lillehammer kommune

Skriv ny kommentar