Digitalisering viktig for studentrekrutteringa

per-kristian-rekdal-himoldex-1200px.jpg

Profil av Per Kristian Rekdal
Per Kristian Rekdal, HiMoldeX

Ved Høgskolen i Molde legg dei mange av forelesingane sine ut på nett. Slik når dei studentar over heile landet.

– For ein liten høgskole som Molde, er digitalisering eit viktig verktøy for god studentrekruttering, seier førsteamanuensis Per Kristian Rekdal, som er primus motor for den opne kursplattformen HiMoldeX.

Full støtte fra ledelsen

Initiativet til HiMoldeX tok Rekdal i 2011, då han begynte som vikar ved HiMolde.

– Eg spurde om lov til å kjøpe eit kamera til 20 000 kroner, for å kunne filme forelesingane mine. Videoane la eg på YouTube, og så fikk eg ein kollega til å lage ei enkel nettside der eg samla linkane til videoane. I 2012 var HiMoldeX ein realitet, forklarer han.

At HiMolde er ein liten høgskole med slank administrasjon og ledelse, meiner Rekdal er mykje av grunnen til at satsinga har blitt ein suksess.

– Vi snur oss fort. Det vi har gjort med HiMoldeX, har dessuten full støtte fra ledelsen. Eg tror det hadde vore lengre veg til målet ved ein større institusjon. 

I dag består kursplattformen av omkring 80 kurs totalt, av desse er ca. 50 opne for alle.

Offisielt ønske om meir video

For forelesarane ved HiMolde er det enkelt å legge materiell tilgjengeleg på nett. HiMoldeX-nettsida er berre ei førsteside, ein slags portal. Selve innhaldet ligg andre plassar. Videoane ligg på YouTube eller MediaSite, og så ligg PowerPointar, kompendium, oppgåver og liknande på den opne delen av Fronter.

– Lav terskel er viktig for å få undervisarane med, forklarer Rekdal.

At nokre av kursa er lukka har ulike årsaker. Jus er ein del av det. Etter- og videreutdanningstilbod har krav om betaling. I tillegg ønsker ikkje alle undervisarar å vere så eksponert på nett.

– Det må vi respektere, seier Per Kristian Rekdal, før han legg til:

– Men studentane gir uttrykk for at dei vil ha auka bruk av videoar i undervisninga. Styret har derfor uttalt at det er eit offisielt ønske fra Høgskolen i Molde at det produserast meir video. Det er altså ikkje eit krav, men eit sterkt ønske.

Årsstudium på nett

Per i dag ligg det mange enkeltkurs på HiMoldeX. Rekdal og HiMolde har også diskutert moglegheiten å tilby eit heilt studium som nettkurs.

– Vi har eit årsstudium i tankane, men ingenting er avgjort ennå. Eg håper det lar seg gjere, og gler meg til vi kan gå ut og markedsføre det, seier Rekdal.

Han fortel vidare at dei har inngått eit samarbeid med Studiesenteret.no, som gjer at studentane i matematikk kan ta eksamen på rundt 45 ulike stader i landet, inkludert storbyane i Noreg. Dermed blir studiet enda meir tilgjengeleg enn før. Fortsatt må studentane på andre emner reise til Molde for å ta eksamen.

Den geografiske avstanden er Rekdal ikkje veldig bekymra for.

– Eg har god kontakt med studantane over heile landet i mitt eige fag. Vi har ei Facebook-gruppe med nesten 500 medlemmer. Her er det god aktivitet.

Han deltar sjølv aktivt i gruppa. Ser han at studentane slit med ei oppgåve, lagar han gjerne ein video som forklarer problemstillinga.

– Jo, det tek litt tid. Men eg er opptatt av å gjere ein heilhjerta innsats på undervisningssida. Vi kan ikkje berre bry oss om å prestere i forelesinga. Rammeverket rundt er like viktig, avsluttar Rekdal.

Vil du vite meir om HiMoldeX?

Se HiMoldeX sin eige presentasjonsvideo

På himolde.no: UiO-student roser HiMoldeX

I media:

NRK Møre og Romsdal: På noregstoppen i fjernundervisning

TV 2: Nå kan du fullføre høgskolen fra sofakroken

Foto: Arild J. Waagbø/Panorama

Skriv ny kommentar