Til hausten blir vi Diku

Gå ikkje glipp av aktuelle saker og nyhende nyttige for deg som jobbar med utdanning. No kan du registrere deg på mottakarlista for å halde deg oppdatert om utlysingar, arrangement og rapportar frå det nye direktoratet.

Vi sletter dei gamle mottakarlistene våre, i samsvar med ny personvernlov. Vil du halde deg oppdatert må du registrere deg på nytt.

Til hausten blir vi Diku, eit direktorat som fremmer kvalitet i utdanning, med blant anna internasjonalisering, digitalisering og kunstnarleg utviklingsarbeid som verkemiddel.

Diku vidarefører verksemda til Senter for internasjonalisering (SIU), Noregsuniversitetet og Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU), som blei slått saman ved nyttår. I tillegg har direktoratet fått fleire nye oppgåver.

Registrer deg på mottakarlista for informasjon frå Diku.

Om Diku

Diku skal fremme kvalitet i universitet og høgskular, fagskular og kunstnarleg utviklingsarbeid gjennom nasjonale og internasjonale intensivordningar, samt styrke kvalitet gjennom internasjonalisering i grunnopplæringa. Direktoratet er eigd av Kunnskapsdepartementet og arbeider i tillegg for blant andre Utanriksdepartementet, Europakommisjonen, Europarådet og Nordisk ministerråd.

Tema: 

Kommentarer

Fint mål. 

 

 

I hope for scholarship at Norwegian University and keep me on your e-mail list.Thank you for your time and consideration.

Skriv ny kommentar