Sykepleie-MOOC nominert til utdanningspris

colourbox3344281-pokal-1200x628.jpg

Illustrasjonsfoto: Colourbox
Illustrasjonsfoto: Colourbox

Prosjektet "Sykepleie går aMOOC" er nominert til utdanningprisen ved Helsefak på UiT Norges arktiske universitet. Prosjektet fekk støtte frå Noregsuniversitetet i 2015. 

– Vi ser på nominasjonen som ei fagleg anerkjenning. Det å lage ein MOOC med dei midla vi hadde til rådigheit, og med bidragsytarar frå 7 europeiske land var krevjande, men vi fikk det til innanfor normert tid, seier førsteamanuensis ved institutt for helse- og omsorgsfag og prosjektleiar for utviklinga av MOOC-en, Åshild Fause, og fortset:      
 
– Ved å lage ein MOOC har vi laga eit undervisningstilbod med pedagogisk bruk av IKT som er tilgjengeleg og fleksibelt for alle som er interessert i sykepleiehistorie både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.   

Prisen er på 30 000 kroner. Vinnaren, som blir gjort offentleg 9. juni, får også diplom og ei eksklusiv gåve designa av Glasshytta Blåst. 

Se alle nominerte her

Skriv ny kommentar