Digitalisering gir betre kvalitet i undervisninga

enreisegjennomkroppen940x400.jpg

Prosjektgruppa "Ei reise gjennom kroppen - forstå god helse".
Førsteamanuensis Hanne-Mari Schiøtz Thorud (til høgre) leiar prosjektet "Ei reise gjennom kroppen – forstå god helse", som har utvikla felles digitale læringsressursar innanfor dei helsefaglege bachelorutdanningane ved HSN. (Foto: Knut J. Meland)

Ved Høgskolen i Sørøst-Norge (HSN) har fleire digitaliseringsprosjekt bidratt til auka bevisstgjering om kva som er god undervisning. 

Med støtte frå Noregsuniversitetet har fakultet for helse- og sosialvitenskap ved HSN utvikla felles digitale læringsressursar gjennom prosjektet “Ei reise gjennom kroppen – forstå god helse”. 

– Etter fleire fusjonsprosessar har vi blitt eit større biomedisinsk miljø. Ved å lage felles digitale læringsmiddel har vi fått til breiare samarbeid og betre ressursutnytting på tvers av institutt og studiestad, fortel førsteamanuensis og prosjektleiar Hanne-Mari Schiøtz Thorud.

Nøgde studentar 

I alt 9 undervisarar har vore med i prosjektet. Alle har laga videoar til bruk i eiga undervisning. 

– Den tekniske innsikten blant dei 9 undervisarane varierte. Nokon tok dette med video ganske lett, mens det var meir krevjande for andre. Felles for alle er likevel at dei har fått auka kompetanse på e-læring, seier Schiøtz Thorud. 

Ho fortel vidare at undervisarane ved ulike campus no deler undervisningsmateriell via fellesområdet på høgskolen sine serverar, og at dei har fått eit forum for å diskutere fag og læring i ei digital tid. 

– Faglærarar som i utgangspunktet var skeptiske til nytteverdien av prosjektet har blitt bevisst den rivande utviklinga på området, og det faktum at dei må forholde seg til digitale undervisningsressursar – til det beste for både seg sjølve og studentane. 

Dei nyutvikla læringsressursane er i bruk innanfor dei helsefaglege bachelorutdanningane i optometri, radiografi og sykepleie, som vil seie at nokre hundre studentar har brukt dei. Og studentana likar dei nye undervisningsmetodane. 

 – Ja, evalueringane visar at digitale læringsressursar gir meir motiverte studentar, fortel Schiøtz Thorud.

Forankrast i leiinga 

Dette er det andre HSN-prosjektet som har fått støtte frå Noregsuniversitetet (NUV) dei seinare åra. I 2014 blei “Optiker – første kontakt for betre syn” tildelt prosjektmiddel. 

– Prosjekta har bidratt til ei bevisstgjering ikke berre med hensyn på digitale læringsmiddel, men generelt på korleis man underviser, seier Hanne-Mari Schiøtz Thorud. 

HSN blei danna 1. januar 2016, då Høgskolen i Buskerud og Vestfold fusjonerte med Høgskolen i Telemark. 

– NUV-prosjekta har vore ein viktig del av prosessen med å fusjonere og samordne undervisning, forklarer Schiøtz Thorud, og legg til at digitalisering og undervisningskvalitet må forankrast i leiinga.

Skal utvikle læringsspel

Det seinaste NUV-prosjektet er ikkje heilt i mål. Eit digitalt læringsspel er under utvikling, i samarbeid med ingeniørstudentar ved HSN.

– I 2015 laga ei gruppe ingeniørstudentar på emnet “Grunnleggjande spelutvikling” eit utgangspunkt for eit digitalt spel retta mot biomedisin. Ein student frå denne gruppa har fortsatt arbeidet i ei ny gruppe, som har laga eit bachelorprosjekt ut av det heile. Resultatet skal være klart i juni, noko vi gler oss veldig til, avslutter prosjektleiaren. 
 

Skriv ny kommentar