Nytt direktorat blir skipa hausten 2018

Diku skal fremme kvalitet i utdanning, med internasjonalisering, digitalisering og kunstnarleg utviklingsarbeid som verkemiddel.


Harald Nybølet
Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) er det fulle namnet på den nye verksemda, som er resultat av at Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU), Noregsuniversitetet og Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU) er slått saman.

– Diku er ikkje berre eit nytt namn, det er ei tydeleg og synleg styrking av arbeidet for å fremme kvalitet i norsk utdanning, seier direktør Harald Nybølet.

Han ser fram til å fullføre samanslåinga og ta i bruk det nye namnet.

– Kvar for seg har dei tre verksemdene i mange år bidrege til kvalitetsutvikling gjennom internasjonalisering, digitalisering og kunstnarleg utviklingsarbeid. No kan vi i enno større grad sjå desse verkemidla i samanheng og dra nytte av den samla kompetansen til våre mange dyktige medarbeidarar, seier han.


Nye oppgåver

Diku skal vidareføre verksemda til SIU, Noregsuniversitetet og PKU. I tillegg har direktoratet fått fleire nye oppgåver. Det skal forvalte tilskotsordninga Sentre for framifrå utdanning (SFU) og utdanningskvalitetsprisane, og det skal vere sekretariat for Lærebokutvalet for høgare utdanning.

Diku vil fortsatt ha ansvar for internasjonalisering i heile utdanningsløpet, inkludert barnehagar og grunnopplæring. Direktoratet skal fordele konkurransemidlar, men også ha andre oppgåver knytt til å utvikle og stimulere til kvalitet i høgare utdanning og fagskuler.

Diku har hovudkontor i Bergen og kontor i Tromsø, med omkring 120 tilsette totalt.


Omorganisering av kunnskapssektoren

Kunnskapsdepartementet kunngjorde i 2016 ei omfattande omorganisering av sentrale administrative verksemder i kunnskapssektoren, som skal legge til rette for høgare kvalitet og meir effektiv oppgåveløysing. Samanslåinga av SIU, Noregsuniversitetet og PKU tredde i kraft ved nyttår, og frå hausten vil altså den nye verksemda ta i bruk sitt nye namn.

Tema: 

Skriv ny kommentar