Ny italiensk MOOC-plattform

15 italienske universitet står bak den nye MOOC-plattforma EduOpen.

Det skriv Alastair Creelman på bloggen sin, Flexspan.

Plattforma blei lansert i april i år, og byr i augneblinken på 70 kurs, medan rundt 100 er i produksjon. Alle kurs lagast i Moodle. 

EduOpen har fått statleg finansiering, og har som mål å bli den føretrukne italienske MOOC-tilbydaren. 

I dag har EduOpen omlag 14 000 registrerte studentar. Gjennomføringsgraden er på rundt 20 prosent. 

Sjå nettsida til EduOpen her

Les eit intervju med ein av ledarane i EduOpen her

Skriv ny kommentar