Fleire tok MOOC i 2015

Talet på MOOC-studentar er meir enn dobla frå 2014 til 2015, skriv edSurge i artikkelen MOOCs in 2015: Breaking Down the Numbers. I 2015 tok over 35 millionar studentar minst ett kurs, mot 17 millionar året før. 

1800 nye kurs ble lansert i 2015. Totalt antall kurs er dermed oppe i 4200 frå over 550 universitet. 

Coursera er fortsatt den mest dominerande MOOC-leverandøren, med 35,58 % av kurstilboda, etterfølgt av edX med 18,06 %. 

På sin blogg Flexspan har Alastair Creelman oppsummert trendane for 2015, slik dei er presentert i edSurge-artikkelen: 

  • Nye forretningsmodellar for MOOC-ar, blant anna er support, validering og eksaminering lagt inn som tilleggstenester. 
  • Utvikling av kurspakkar som leier til nye typar eksamenar, for eksempel nanodegrees. 
  • Slutt på gratis kursbevis. 
  • Sjølvstudiekurs med valfri oppstart og fart.
  • Ny fokus på vidaregåande elevar ved at MOOC-ar brukast som førebuing til høgare utdanning. 

Illustrasjon frå edSurge: Vekst i MOOC-ar

Skriv ny kommentar