Bli med på Spor 2017 og EVU Forum

Høgskolen i Innlandet inviterer til ny Spor-konferanse og det årlege EVU Forum for universitets- og høgskolesektoren på Lillehammer 18.-19. oktober.

Tema for konferansen er innovasjon i fleksibel utdanning. Formålet er å utforske metodar og diskutere erfaringar om korleis utdanningssektoren og arbeidslivet kan samarbeide for å løyse morgendagens utfordringar i etter- og vidareutdanning og livslang læring kor digital teknologi speler ei sentral rolle. 

– Vi er glade for å ha fått med oss mellom anna Eirik Norman Hansen, CEO i Itch design, Nina Helene Ronæs frå BI, kompetansedirektør i NHO, Are Turmo og leiar av Opinion, Ole Petter Nyhaug, til å halde foredrag, seier prosjektleiar Per Eriksson ved Senter for livslang læring (SELL). 

Programmet vil veksle mellom foredrag i plenum, innlegg i parallelle sesjonar og interaktive workshops.

Noregsuniversitetet er samarbeidspartner til Spor-konferansen. 

– Tema for Spor er sentralt i Norgesuniversitetet sitt mandat. Vi arbeider også for å styrke samarbeidet mellom høgare utdanningsinstitusjonar og arbeidslivet gjennom bruk av læringsteknologi, og denne konferansen samlar sentrale aktørar på det feltet, seier direktør for Noregsuniversitetet, Jon Lanestedt.

Mer informasjon og påmelding på konferansens hjemmeside

Skriv ny kommentar