Utlysingar og søkjarinformasjon

Noregsuniversitetet lyser ut og tildeler prosjektmidlar - til vanleg ein gong i året. Midlane går til utviklingsprosjekt ved universitet og høgskular, og føremålet er å fremje utvikling av IKT-støtta utdanning og livslang læring, samt å styrkje samarbeidet mellom høgare utdanning og arbeidslivet. Føringar for bruk av prosjektmidlane blir fastsette av Kunnskapsdepartementet, etter framlegg frå Noregsuniversitetet.

I tillegg kan det kome særskilte utlysingar og tildelingar etter oppdrag frå departementet, som til dømes stønad til bruk av IKT i lærarutdanningar.