English

Utlysninger og søkerveiledning

Søkere til prosjektmidler: Vær forberedt på tidligere utlysning i år

Norgesuniversitetet tar i år sikte på en tidligere utlysning av prosjektmidlene enn før. Planlagte tidspunkter er: Utlysning  15. mars, første søknadsfrist 15. mai, svar til søkerne medio juni og andre søknadsfrist 1. november. Underveis vil vi tilby veiledning til søkere. Følg med på norgesuniversitetet.no for oppdaterte nyheter om dette.

Klåre for Kampanalyse@Net

Senter for Prestasjonsutvikling (SPU) ved Høgskulen i Bodø har motteke 350.000 kroner i prosjektstønad frå Noregsuniversitetet. Pengane går til å vidareutvikle eit nettbasert program for kamp- og bevegelsesanalyse, eit fag som i si tid blei introdusert av mellom andre "Drillo". Les meir her eller sjå blogget til prosjektet.

Noregsuniversitetets prosjektmidlar 2010: 32 søknader går vidare

Oktober 2009: Ved søknadsfristen i september var det kome inn i alt 72 prosjektsøknadar frå 30 ulike høgare lærestader til Noregsuniversitetets prosjektmidlar 2010. 32 av desse søkjarane går no vidare til den andre runden, og skal levere endeleg søknad innan16. november. Liste over dei som går vidare finst her.

Mange søkjarar til Noregsuniversitetets prosjektmidlar 2010

September 2009: Det er særs stor interesse for Norgesuniversitetets prosjektmidlar i år, og ved søknadsfristen 15. september var det kome inn i alt 72 prosjektsøknader til prekvalifisering - frå 30 ulike høgre lærestader. Arbeidet med å vurdere søknadene er no i full gong, og vi tek sikte på at dei søkjarane som går vidare til andre runde får melding om dette ved slutten av veke 41 (ca. 10.10.)

Ekstra prosjektmidlar 2009 - tre nye prosjekt fekk stønad i august

Etter at Noregsuniversitetet i sommar fekk ei tilleggsløyving over revidert statsbudsjett, er det i august delt ut stønad til tre nye prosjekt for 2009 - i tillegg til dei 17 som tidlegare har fått midlar for i år. Dermed har i alt 20 utviklingsprosjekt ved universitet og høgskular - for det meste større samarbeidsprosjekt - fått økonomisk stønad frå Noregsuniversitetet i 2009.

Revidert statsbudsjett: 3 mill kr mer til Norgesuniversitetets prosjekter i 2009

I forbindelse med revidert statsbudsjett 2009 har Norgesuniversitetet mottatt en tilleggsbevilgning på 3 mill kr fra Kunnskaps­departementet. Midlene skal i sin helhet gå til prosjektstøtte

Tildeling av prosjektmidlar for 2009

Styret i Noregsuniversitetet har i møte 5. februar tildelt prosjektmidlar for 2009. 27 søkjarar var inviterterte til å ta del i den siste søknadsrunden, og av desse fekk 17 prosjekt tildelt i alt 10,7 millionar kr for 2009.

Utlysingar og søkjarinformasjon

Noregsuniversitetet lyser ut og tildeler prosjektmidlar - til vanleg ein gong i året. Midlane går til utviklingsprosjekt ved universitet og høgskular, og føremålet er å fremje utvikling av IKT-støtta utdanning og livslang læring, samt å styrkje samarbeidet mellom høgare utdanning og arbeidslivet. Føringar for bruk av prosjektmidlane blir fastsette av Kunnskapsdepartementet, etter framlegg frå Noregsuniversitetet.

I tillegg kan det kome særskilte utlysingar og tildelingar etter oppdrag frå departementet, som til dømes stønad til bruk av IKT i lærarutdanningar.

Syndiker innhold