Strategisk rapport om samarbeid mellom næringslivet og høgare utdanning
Rapporten (oktober 2007) drøftar korleis arbeidslivet i større grad kan bli involvert i planlegging og gjennomføring av høgare utdanning. Noregsuniversitetet si ekspertgruppe foreslår tiltak for styresmakter, for universitet og høgskular, og for verksemder.
Last ned heile rapporten (.pdf)
1. Samandrag og konklusjonar
Noregsuniversitetet har valt ei spesialkompetansegruppe (SKG) med oppgåve å gi råd om kva som kan styrkje samarbeidet mellom høgare utdanning og arbeidsliv. Spesialkompetansegruppa blei oppretta fordi det var ei uro over at utviklinga i samarbeidet mellom arbeidsliv og høgare utdanning går i feil retning. Praksisorienteringa i mange fag blir svekt og samarbeidet er i for stor grad vilkårleg.
Denne rapporten handlar om korleis arbeidslivet i større grad kan involverast i planlegging og gjennomføring av høgare utdanning. Gruppa tek utgangspunkt i at det er behov for å leggje til rette for at meir av den læringa som skal skje i løpet av eit utdanningsløp bør skje i verksemder eller i nær kontakt med verksemder.
Gjennom særleg dei siste 10 åra har det skjett ei omfattande utvikling i forståinga av læringsprosessar, kompetanseutvikling og kunnskapsoverføring. Det er i ferd med å bli etablert eit heilt nytt kunnskapssyn. Dette blir kjenneteikna av ei sterk vektlegging av læringsutbyttet, uavhengig av kvar læringa skjer. Det er altså snakk om eit skifte frå ei sterk fokusering på læreplanar og innhald til ei vektlegging av den kompetansen du har med deg inn i ein arbeidssituasjon.
Det er særleg arbeidt med kompetansereforma og godkjenning av realkompetanse som er eit kjernepunkt i det nye kunnskapssynet. Kompetansen blir godkjent i forhold til korleis den kan nyttast som grunnlag for vidare utvikling og ikkje kvar den er tileigna. Det er viktig å peike på at all læring må underkastast krav til kvalitetsvurdering.
Den tradisjonelle oppfatninga av forholdet mellom teori og praksis er forelda. Det dreiar seg om studiepoengproduksjon på arbeidsplassen, og ikkje såkalla praksis, utan anna formål enn å få erfaring frå eit arbeidsforhold.
Ein av føresetnadene for å skape studiesituasjonar på arbeidsplassen som er lærande, er at det blir utvikla studiemodellar som klarer å sameine dei ulike rammevilkåra som gjeld for så vel verksemd som lærestad. Noreg har gjennom eit tradisjonelt sterkt trepartssamarbeid dei beste føresetnader for å utvikle nye former for samarbeid.
Gruppa har utført ein systematisk gjennomgang av kva som kan vere aktuelle tiltak i dei tre aktuelle sektorane - utdanningsinstitusjonane, verksemdene og styresmaktene. I rapporten blir det gjort greie for dei tiltaksforslaga som gruppa meiner er dei mest sentrale i forhold til kva som bør gjerast for å få raske forbetringar målte i kvalitet og omfang mellom sektorane.
Fagdepartementa vil spele ei nøkkelrolle for å leggje til rette for slikt samarbeid, men samtidig vil det vere ein rekkje tiltak som kan iverksetjast utan vidare i så vel verksemder som universitet - og høgskulesektoren. Under blir dei viktigaste skisserte tiltaka:
Tiltaksforslag for styresmaktene:
Skape gode insentivordningar for samarbeid om utviklinga av studiemodellar som utnyttar moglegheitene som ligg i eit tettare samarbeid. Tradisjonelle system for vederlag blir vedlikehalde i akademia. Lærestadene sine meritteringssystem bør endrast slik at samarbeidet mellom arbeidsliv og høgare utdanning gir større utteljing. Både næringspolitisk og kompetansepolitisk vil gode insentivordningar for samarbeid kunne gi store gevinstar. Særleg i arbeidet med innovasjonsmelding bør dette vere eit viktig punkt.
Be utdanningsinstitusjonane utarbeide mål for samarbeidet slik at det kan utarbeidast ei standardisert rapportering i forhold til samarbeidet med arbeidslivet. Det blir stilt i dag få krav om rapportering og samarbeidet med arbeidslivet blir lite synleg.
Tiltaksforslag for universitet- og høgskulesektoren:
Innrette fag og læreplanar på ein slik måte at tilknyting til arbeidslivet som ledd i studiet blir ein obligatorisk del, og får same status som andre faglege aktivitetar. Det handlar fyrst og fremst om å omdisponere budsjett og faglege og administrative ressursar innanfor dagens ramme- og lovverk. Slike tiltak kan gjerast innanfor dagens regime. Det finst ikkje nokon formelle hindringar for dette.
Gjere samarbeidsaktivitetar til ein obligatorisk del av dei tilsette si stillingsbeskriving for eksempel lektorstillingane( i staden for undervisning). Dette vil vere eit enkelt og effektivt verkemiddel.
Endre dagens finansieringssystem slik at utviklingsprosjekt/forsøk med nye tiltak kan setjast i gong. Dagens system legg avgrensingar for dette. For mange vil det vere nødvendig å prøve ut modellar før dei blir lagde inn i studieplanane.
Tiltaksforslag i verksemder:
Etablere tilskotsordningar til verksemder som tar på seg eit forpliktande ansvar i forhold til høgare utdanning. Erfaringane frå fagopplæringa, som sida 1994 har hatt eit slikt system, er gode. Dei fleste verksemdene vil ikkje ha eit apparat for å kunne administrere denne typen kontakt og samarbeid. Dette er grunnen til at spørsmålet om ein viss kompensasjon for meirarbeidet er komen opp. Terskelen for verksemder til å gå inn i denne typen samarbeid vil bli søkt og gi grunnlag for å kunne stille kvalitetskrav. Det kan tenkjast andre kompensasjonsordningar enn kontanttilskot. Større tilgang til forskingsressursar og plassar for tilsett i studiepoeng givande kurs er andre utvegar.
Opprette kontor på lik linje med dei opplæringskontora som vi finn i den tradisjonelle lærlingordninga. Dette betyr at kontora må koordinere arbeidet med utplasseringane, løyse praktiske spørsmål, halde kontakten med rettleiarane og ha den daglege oppfølginga av studentane.
Forankre denne typen samarbeid i toppleiinga til verksemdene. Engasjementet til leiinga må kunne formidlast nedover i leiarsjikta. Utan at dette skjer vil slike initiativ berre bli sett som ei tilleggsbelastning i kvardagen.
2. Innleiing
Noregsuniversitetet sitt styre har oppretta ei spesialkompetansegruppe(SKG) for samarbeid mellom arbeidsliv og høgare utdanning. Spesialkompetansegruppa har følgjande medlemer: Seniorrådgivar Helge Halvorsen, leier, NHO, Daglig leier Inger-Ann Hanssen, Universitetet i Tromsø, U-vit, Politisk rådgivar Gunn Lyngvær, Arbeiderpartiets utdanningsfraksjon på Stortinget, Førsteamanuensis Nina Prebensen, Universitetet i Tromsø, NFH, Personalsjef Kathrine Krogsvold, Borregaard og Avdelingsdirektør Sveinung Skule, Kunnskapsdepartementet, avdeling for analyse, internasjonalt arbeid og kompetansepolitikk, Observatør.
Denne gruppa er vald for å kartleggje og gi råd til Norgesuniversitetet i spørsmål knytte til korleis arbeidslivet i større grad kan involverast i planlegging og gjennomføring av høgare utdanning. For å oppretthalde og utvikle konkurransekrafta vår som kunnskapsnasjon må vi sørgje for å utvikle den kompetansen vi treng for innovasjon og verdiskaping.
OECD sin rapport frå 2006 om høgare utdanning i Noreg peikar på at det på fleire område bør utviklast ein meir offensiv politikk. OECD vektlegg blant anna at det må eit sterkare samarbeid med samfunns- og arbeidsliv. Også European Centre for the Development of Vocational Training (CEDEFOP Lettmayer 2006) etterlyser ei meir praksisretta høgare utdanning.
Som nasjon må det sørgjast for at det blir utvikla studiemodellar som fremjar slik utvikling. Noreg har gjennom eit tradisjonelt sterkt trepartssamarbeid dei beste føresetnader for å utvikle nye former for samarbeid. Vi har også modellar frå andre utdanningsnivå som kan vere inspirasjon for ei slik utvikling. Kunnskapslyftet legg opp til nye samarbeidsformer mellom skule og arbeidsliv og den norske fagopplæringsmodellen er ei institusjonalisering av samarbeid om opplæring.
Det er mange positive samarbeidsprosjekt mellom UH -institusjonane og arbeidslivet i dag, men liten systematikk og heilskapleg politikk. Det finst liten systematisk kunnskap om kva type samarbeid som finst, kva omfang samarbeidet har og kva samarbeidet tyder for kvaliteten på studiet, motivasjon og fråfall hos studentane, studentane sin sjanse for tilsetting/smidig overgang frå studium til arbeidsliv m.v. Styrkt samarbeid med arbeidslivet kan ikkje oppnåast gjennom eitt enkelt tiltak, det er nødvendig med ein strategi som omfattar eit breitt sett av tiltak.
Kunnskapsdepartementet blir bedt ta initiativ til at det blir utarbeidt ein strategi for samarbeid mellom høgare utdanning og arbeidsliv. Noregsuniversitetet har starta arbeid på dette området og har teke på seg ei rolle i eit slikt strategiarbeid.
Spesialkompetansegruppa er kjend med det omfattande arbeidet som blir lagt ned i store delar av UH-sektoren for å utvikle lokalt samarbeid. Det er likevel ei uro for at utviklinga i samarbeidet mellom høgare utdanning og arbeidsliv går i feil retning. Praksisorienteringa i mange fag blir svekt og byggjer i for stor grad på det vilkårlege. Det ser ikkje ut til å finnast insentivordningar som stimulerer slikt arbeid og mykje tyder på at studentane sine møte med arbeidslivet gjennom studietida blir kortare og av lågare kvalitet.
Spesialkompetansegruppa ønskjer i denne rapporten å teikne eit klarare bilete av situasjonen og korleis arbeidslivet i større grad kan involverast i planlegginga og gjennomføringa av høgare utdanning. Spesialkompetansegruppa har utført ein systematisk gjennomgang av kva som kan vere aktuelle tiltak i dei tre sektorane- utdanningsinstitusjonane, verksemdene og styresmaktene. I rapporten blir det gjort greie for dei tiltaksforslaga som gruppa meiner er dei mest sentrale i forhold til kva som bør gjerast for å få raske forbetringar målte i kvalitet og omfang mellom sektorane
Norsk utdannings- og kompetansepolitikk må hjelpe til at løyvingane blir forvalta på ein slik måte at dei blir sett inn der dei skaper mest kompetanse. Samarbeidet mellom høgare utdanning og næringslivet må tilførast nødvendige incentiver for å kunne utvikle seg. I dag finst det berre i avgrensa grad slike incentiver.
