English

Noregsuniversitetets prosjektmidlar 2010: 32 søknader går vidare

Oktober 2009: Ved søknadsfristen i september var det kome inn i alt 72 prosjektsøknader frå 30 ulike høgare lærestader til Noregsuniversitetets prosjektmidlar 2010. 32 av desse søkjarane går no vidare til den andre runden, og skal levere endeleg søknad innan16. november. Liste over dei som går vidare finst her.

Noregsuniversitetet reknar med å ha ca 11 mill kr til fordeling for 2010. Av desse går ca 4 mill kr til førehandstilsegner og ca 7 mill kr til nye prosjekt. Vi har fått inn svært mange gode søknader med gode prosjektidear. På dette grunnlaget har Noregsuniversitetet vedteke å invitere 32 søknader vidare til fase to. Dette betyr at det og i fase to vil bli sterk konkurranse mellom søkjarane.

Det er særleg to vilkår vi ønskjer å streke under for dei prosjekta som no går vidare til fase to:

  • Det er særs viktig at søkjaren i denne fasen legg fram eit grundig og godt budsjett og ein realistisk finansieringsplan - og søkjer om ein sum som er realistisk i høve til dei tiltaka og leveransane prosjektet planlegg.
  • Det er og viktig at søknadene no er grundige og konkrete på alle punkt, og at dei resultata og leveransane ein ventar frå prosjektet et godt gjort greie for.