Samhandling mellom vidareutdanning og grunnutdanning - vidareutviklling av ikt-didaktikk
Kurset Matematikkdidaktikk
for mellomsteget vart gjennomført i vårsemesteret 2009. Målet var å bruka
kunnskap om digital kompetanse frå
undervisninga i grunnutdanninga, og
vidareutvikla denne i eit didaktisk kurs
for mellomsteget. Dette har vidare resultert i auka bruk og
integrering av ikt i matematikkfaget.
Vi la vekt på at studentane skulle læra å bruka digitale verktøy i
meiningsfulle samanhengar. Studentane hadde lita teknisk erfaring med bruk av
ikt, så vi laga korte videofilmar som illustrerte teknikken i situasjonar dei
kjende frå arbeidet i skulen. Vi arbeidde og med fagstoff som er nytt i
LK-06. På denne måten fekk studentane fagleg påfyll, samtidig som dei lærde å
bruka eit nytt dataverktøy.
Studentane var vane med å nytta nærmiljøet i undervisninga, men dei hadde lita
erfaring med å bruka digitale verktøy som dokumentasjon på arbeidet. Dette gjorde at vi fekk til ei samhandling
mellom vidareutdanningsstudentane og høgskuletilsette, som løfta fram bruken av
digitale verktøy. Vi arbeidde med
samskriving, og laga artiklar ved hjelp av artikkelverktøyet i Fronter.
Nokre av desse publiserte vi på Geoatlas. Desse artiklane har vi seinare nytta som digitale læremiddel i
lærarutdanninga. Andre artiklar la vi ut på Fronter, og her la vi inn peikarar til videoar frå dei sosiale nettstadene YouTube og Vimeo. Arbeidet
med web 2.0 var ei ny erfaring for oss høgskuletilsette, og resulterte i at vi utvida
kompetansen vår på bruk av video og korleis vi kan integrera video i
grensesnitt .
Arbeidet har vore presentert på NKUL
2009 , Nasjonal konferanse om
bruk av ikt i læring og undervisning , og på ein etterutdanningskonferanse
for matematikkutdannarar. Vi har og
nytta ideen og strukturen i kurset i ei
ny assistentutdanning for barnehagetilsette. Samla sett har kurset gitt oss i
lærarutdanninga betre kunnskap om digital kompetanse og om bruken av digitale
verktøy.
