Digitale læringsarenaer i musikkfaget

Dei digitale utfordringane som fagundervisning i estetiske fag blir stilt overfor, stiller store krav til fagmiljø med tanke på kvalitet, på kursutforming og i spørsmål om erverving av fagkompetanse. Gjennom utprøving og forsking på bruk av digitale læringsarenar i musikkfaget ynskjer me å forkussera på spørsmål som: -”Kva inneber det å ha digital kompetanse i musikkfaget?” -”Kva for digitale læringsarenaer vil gje effekt for musikalsk læring på ulike nivå?” -”Korleis påverkar innovative digitale læringsarenaer form og innhald i musikkfaglege emne og aktivitetar?” -”Korleis påverkar musikkfagleg innhald utforming og innhald i digitale læringsarenaer?” -”Kva slags nye musikkfaglege aktivitetar vert mogeleg gjennom nye digitale læringsarenaer?” -”Kva rolle speler digitale verktøy for globale kontra lokale og tradisjonelle aspekt ved musikk i samfunn og musikk som fag?”

Prosjektet siktar mot å tilby kompetansegjevande utdanning for musikklærarar, musikarar og musikkstudentar gjennom teknologibasert fleksibel læring og utdanning. Prosjektet tek sikte på å utnytte den tverrgåande kompetansen som har oppstått gjennom samarbeid og erfaringsutveksling mellom Høgskulen Stord/Haugesund , musikkseksjonen (HSH) og utviklingsselskapet Grieg Music Education (GME). Prosjektet har basisen sin i det fleirårige forskingsprosjektet ”Musikkfaget og datateknologien” som undersøkjer ulike sider ved bruk av datateknologi i musikkundervisning slik dei er skisssert i spørsmåla ovanfor.

Detaljer

Prosjektnummer: 
P53/2007

Søkerinstitusjon

Høgskolen Stord/Haugesund

Kontaktperson

Magne Espeland

Saksbehandling

Saksbehandler: 
NUVs superbruker
Utlysning: 
Prosjektutlysning 2007
Sist oppdatert: 25. aug 2009