"Digital kompetanse i praksis i samfunnsfaget"
Hovudsiktemålet med dette prosjektet har vore å utvikle og prøve ut eit undervisningstilbod til lærarutdannings-studentane i samfunnsfag der IKT inngår som eit viktig integrert element. Målet har vore å styrke institusjonen sin fagdidaktiske kompetanse og gi studentar og øvingslærarane ei betre innsikt i kva digital kompetanse i samfunnsfag kan og bør være, og styrke studentane si evne til å gjere gode fagdidaktiske vurderingar i møte med den digitale skulekvardagen.
Konkret gjennomførte samfunnsfagsseksjonen ved HiB hausten 2009 eit opplegg for studentar i 30 poengsstudiet Samfunnsfag 1, påbyggingsstudium for allmenlærarstudentar (3. el. 4. året). 74 studentar deltok i opplegget, saman med tilsette ved seksjonen. Deler av opplegget har også vore eit ope tilbod til øvingslærar, masterstudentar i historie og andre tilsette i lærarutdanninga. Prosjektet har omfatta fylgjande komponentar:
- Revisjon av fagplan og pensum
- Seminarrekke med føredragshaldarar hovudsakleg frå praksisfeltet (ope for alle).
- Bruk av IKT-verktøy (Google Map, Google Doc, Blogger, NSD-stat, MovieMaker (digitale forteljingar) i obligatoriske studentarbeid
- Refleksjonar på blogg over brukt av IKT i undervisning
- Tilbod om rettleiing i samband med utvikling av praksisopplegg
Studentane meiner sjølv dei har hatt eit godt utbyte av prosjektet og vurderer særskilt høgt relevansen av kjennskap til fagleg bruk av konkrete ikt-verktøy i sin framtidige yrkeskarriere. Prosjektet har også gitt verdifulle erfaringar for institusjonen sitt arbeid med nye framtidige fagtilbod.
Prosjektet har utvikla ein eigen blogg for publisering av studentarbeid, ressursar og dokumentasjon: http://iktsamfunnsfag.blogspot.com.
Studentvebben til HiB publiserte ein eigen artikkel om prosjektet 26.10.09: http://www.hib.no/aktuelt/nyheter/2009/10/digital-didaktikk.asp
