Prosjektmidler

Norgesuniversitetet lyser årleg ut prosjektmidler innanfor: 

  • Utvikling og bruk av teknologi for læring og fleksible studietilbod i høgre utdanning.
  • Utdanningssamarbeid mellom høgre utdanning og arbeidsliv gjennom bruk av læringsteknologi. 

Kven kan søke?
Alle norske, akkrediterte universitet og høgskolar kan søke. Institusjonar med utdanningstilbod akkreditert som høgre utdanning, kan også søke.

Søknadsprosess
Norgesuniversitetet har siden 2009 hatt ein totrinns søknadsprosess med prekvalifisering om våren og søknadsfrist med behandling av endelege søknadar kvar haust. I år legg vi om disse rutinane, og går over til ein søknadsfrist. Utlysning av prosjektmiddel for 2016 vil skje i slutten av april, med søknadsfrist 15. oktober 2015.

Norgesuniversitetet sin Haustkonferanse med søknadsseminar vil arrangerast i Tromsø 15. og 16. september.