Evaluering av Noregsuniversitetet - mai 2009
På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har Asplan Viak gjort ei evaluering av Noregsuniversitetet. Evalueringsrapporten tek føre seg alle dei ulike delane av verksemda vår, og blei levert i mai 2009. Resultatet av evalueringa framstår som positivt for Noregsuniversitetet.
Styret for Noregsuniversitetet har drøft evalueringsrapporten, og har gitt ein kommentar til han.
Rapporten omfattar mellom anna:
- Organisasjonen og verksemda til Noregsuniversitetet
- Forvaltinga av prosjektmiddel
- Noregsuniversitetet som kunnskapsforvaltar
- Informasjon, nettverk og Noreguniversitetet som møteplass
- Summerande drøfting
