Nynorske digitale læringsressursar i og for grunnskulen

Dette prosjektet er todelt. Eine delen er å gjere ei omfattande og grundig kartlegging av kva digitale læremiddel som finst på nynorsk. Den andre delen av prosjektet er å utarbeide eit kurs på 15 studiepoeng, der ein skal lære å utvikle slike digitale læremiddel på nynorsk. Dette studietilbodet tek sikte på å lære studentane korleis dei sjølve kan lage læringsmateriell basert på ulike medium (t.d. lyd, bilete, tekst og video) og i forskjellig form (t.d. som spel), og deretter distribuere desse over internett og/eller gjennom ulike læringsplattformer.

Både Nynorsksenteret i Volda, IT-forum sitt skulenettverk og Nynorsk Mediesenter i Førde vil inngå som samarbeidspartnarar i prosjektet. To av desse vil også bidra med finansiering. Frå HSF vil tilsette på Informasjonsbehandlingsstudiet og lærarutdanninga delta aktivt.

Digitale læringsressursar, eller pedagogiske læremidlar basert på IKT, kan vere alt frå enkle lyd- eller videoførelesingar distribuert over internett, visuelle simuleringar av ulike fenomen, til avanserte e-læringssmodular. Tilgangen på denne typen læringsressursar – på nynorsk – er i dag heller avgrensa. Eit viktig mål er difor å bidra til ein auka produksjon av slike læremidlar og med det sikre at nynorskelevar får eit breiare tilbod av digitale læringsressursar på si eiga målform.

Før høgskulen kan setje i gang utviklinga av eit nettbasert kurs i produksjon av slike digitale læringsressursar, er det imidlertid mykje nybrottsarbeid som må til. Vi må mellom anna:

Kartleggje tilgjengelege digitale læringsressursar på nynorsk Finne fram til ulike barrierar for gjenbruk av desse ressursane Finne fram til teknologiske standardar som opnar for bruk på tvers av læringsplattformer Avklare kva for teknologiar som høver til produksjon av ulike typar læringsressursar Definere emne som skal inngå i studietilbodet Kursstart våren 2009 I løpet av hausten 2008 vonar høgskulen å ha konkludert med kva for emne som skal inngå i kurset, og alt våren 2009 tek vi sikte på å starta opp med dei første studentane, helst då med ei meir avgrensa gruppe for å skaffe oss erfaring med opplegget. Kurset vil kunne høve både for lærarstudentar, lærarar som vil ta vidareutdanning og for studentar som vil lære seg litt om medie- og læremiddelproduksjon.

Detaljer

Prosjektnummer: 
P22/2008

Søkerinstitusjon

Høgskulen i Sogn og Fjordane

Kontaktperson

Rasmus Stokke

Saksbehandling

Sist oppdatert: 25. aug 2009