Fysikkstudium eksperimenterer med animasjonar og simuleringar

Fysikk er både eit teoretisk og eit eksperimentelt fag. Både studentar og elevar har vanskar med å sjå koblingar til kvardagsfenomena kring faget. Ved NTNU er det utvikla eit studietilbod der studentar skal lære å koble det teoretiske med det eksperimentelle i fysikkfaget.

Meir liv

Med hjelp frå animasjonsfilmar får fysikkfaget meir liv enn det får berre med figurar i ei bok. Her kan ein til dømes ta omsyn til friksjon og sjå ei direkte samanlikning med kvardagen.  Animasjonane gjev såleis ein ny dimensjon til undervisninga. Animasjonsfilmar som er utvikla ved NTNUs Institutt for fysikk i samarbeid med Skolelaboratoriet ved NTNU, og er støtta av Noregsuniversitetet, fungerer difor som støtte i fysikkundervisninga på ulike nivå.

Videoanalyse

Mange laboratorieøvingar, særleg i mekanikk, handlar om målingar av rørsler. Sjølv her kan det bli ei utfordring å sjå koblinga til kvardagen, i tillegg til at ein samansett bruk av reidskap og hjelpemiddel kan forstyrre. I NTNUs tillbod i fjernundervisning i fysikk, baserer ein noko av den laborative undervisninga på videoanalysar. Her kan ei kvardagsleg hending analyserast med hjelp av eit Open source-program. Ekperimenta og analysane blir dermed kobla mot kvardagen. Gjennom å ta i bruk videoanalysar kan resultata i form av tabellar eller grafar direkte koblast opp til eit bilete i ein av filmane, slik at ein samstundes har fleire representatsjonsformer å variere mellom på enkelt vis. 

Teoretisk eksperimentering

Tanken bak bruken av videoanalyse er at fysikkeksperiment skal filmast. På den måten kan objekta sine rørsler kvantifiserast i videoanalyseprogram og lagrast på same måte som i datainnsamlingsprogram.

Studiet planlegg at dette enten kan gjerast ved å gi studentane tilgang til førehandsinnspelte videoar, eller at studenten sjølv spelar inn eksperimentet, slik at dei kan utføre laboratorieøvingar heime. På dette viset kan studentane direkte stadfeste teorien i faget eksperimentelt.

  • Sida til filmane er dynamisk ved at oppdateringar skjer kontinuerleg. http://www.nt.ntnu.no/users/jonaspe/tracker/Videobibliotek.htm
  • Ein del av arbeidet er gjort i samarbeid med skaparen av Tracker.
  • Dei ulike sidene som blir presenterte kan brukast som uavhengige illustrasjonar av fysiske fenomen og er laga for å inngå i ulike undervisningsopplegg som eit tillegg til læreboka.
  • Fleire animasjonar er allereie ferdigproduserte og kan opplevast her.

Animasjonane og simuleringane kan brukast vederlagsfritt.

Prosjektet varer ut juni 2013.

Tilbake til forsida