NTNU og Universitetet i Stavanger på iTunesU
Innovativt. Dette gjev nye moglegheiter for læring og auka tilgang til førelesingar, pensum og anna læremateriell frå UiS. I tillegg vil studentane sjølve kunne publisere filmar, studieprosjekt, workshoper, radioprogram, konsertar og andre ting dei produserer på studiet.
– Me er stolte over å kunne opne nye arenaer for læring for studentane våre. Denne satsinga på digital distribusjon er i tråd med vår strategi om å vere eit innovativt universitet, seier UiS-direktør Per Ramvi.
Trengte ein kanal. Lanseringa av UiS på iTunesU kjem i kjølvatnet av eit nytt, nettbasert studium i sjukepleie, som startar i haust. Her vil studentane få førelesingar og anna studiemateriell som podcaster. Studiet trengte ein kanal for dette digitale innhaldet og iTunesU blei løysinga.
– Men me har allereie fått etterspurnad etter ei slik teneste frå andre studieprogram på universitetet. Eit bredt tilbod av digitalt materiale vil bli gjort tilgjengleg gjennom denne tenesta. Vi sit allereie på over 300 lydfilar, videoar og dokument, seier prosjektleiar Karsten Tillerli på NettOp, UiS si eining for nettbasert læring.
Gratis. Førelesingar av eit stort tal gjesteførelesarar og studiemateriell for etter- og vidareutdanning av lærarar står langt framme i køen. Alt som blir publisert på iTunesU kan lastas ned gratis. Mesteparten vil vere tilgjengleg for kven som helst. Av omsyn til copyright vil tilgangen til nokre filar bli avgrensa til dei som høyrer til spesifikke studieretningar.
Meir fleksibelt. UiS tek også del i det nasjonale prosjektet ”Læring rett i lomma” saman med Universitetet i Oslo og Høgskulen i Lillehammer. Prosjektet, som er finansiert av Norgesuniversitetet, tek sikte på gjere studiesituasjonen meir fleksibel for studentane ved å innføre metodar og rutinar for å podcaste førelesingar og andre læreløysingar.
90 videoar. Under namnet "NTNU Open CourseWare" har NTNU førebels lagt ut rundt 90 videoar om ulike emne, alt ifrå medisin til sosiologi og språk. Dei har og lagt ut noen foredrag og prioritert videoar med norsk tale, skriv universitetet i ei pressemelding.
Materialet er tilgjengeleg for alle, ikkje bare studentar. – Det er jo nordmenn flest som via skattedelen betaler for størstedelen av virksomheita vår. Då skulle det bare mangle om dei ikkje og får sjå kva vi driv på med. Kort sagt så ønskjer vi å gjere kunnskapsproduksjonen vår tilgjengeleg for alle interesserte, seier Julie Feilberg, nylig avtroppa prorektor for utdanning og læringskvalitet.
iTunes og Youtube Håpet er at iTunes U etter kvart skal kunne brukast som støtte for vanlig undervisning, og det vil bli lagt ut både lydopptak, lysark og annet materiell. NTNU har totalt videoopptak av over 1000 forelesingar og foredrag, og målet er å gjøre det meste av dette tilgjengelig gjennom blant andre iTunes U og Youtube.
Vanskeleg opphavsrett. Eit hinder er imidlertid opphavsretten, og det vert no jobba hardt for å klargjere denne. Mange forelesarar bruker eksempel frå lærebøker, bilder og anna materiale som er produsert av andre og dermed ikkje utan vidare vil kunne bli gjengitt.
Lenke til NTNU på iTunes U finn du her, og til Universitetet i Stavanger her.
