English

Stor variasjon i bruk av IKT i norsk høgare utdanning

Dei fleste studentar og fagtilsette nyttar IKT, men det er stor variasjon i kor ofte og korleis IKT blir nytta. Dette viser funn frå Noregsuniversitetets IKT-monitor, som er den første store undersøkinga om bruk av IKT i norsk høgare utdanning.



- Skilnadene gjer at studentane får ulik erfaring med bruk av IKT i utdanninga. Dette kan vere med på å skape digitale skilje både undervegs i studiet og når studentane er ferdig utdanna og skal ut i samfunns- og arbeidslivet, seier seniorrådgivar i Noregsuniversitetet, Janne Wilhelmsen.

Vi finn slike skilnader mellom ulike institusjonstypar og fagområde, men det er og variasjonar innanfor same institusjonstype og fagområde. Vi ser vidare at studentar som samarbeider med andre, nyttar IKT oftare og meir variert enn dei som ikkje samarbeider.

Årsakane til variasjonane kan vere mange. Vi ser mellom anna at dei fagtilsette tilrettelegg i ulik grad, og at deira haldningar er viktige for kor mykje dei legg til rette for bruk av IKT. Tilrettelegginga ser imidlertid ikkje ut til å avhenge av kjønn og alder. Vi ser og variasjonar i institutta sine kompetansehevingstiltak og støtteordningar, både for studentar og fagtilsette.

Dei fleste institutta har ein strategi for bruk av IKT i undervising og studium. Kor omfattande strategien er, varierer. Når det gjeld konkrete verkemiddel som er tatt i bruk for å implementere IKT - og instituttleiareane si vurdering av kva som fremjer IKT-bruk - syner det seg at dei minst forpliktande verkemidla og tilhøve som ikkje er organisatorisk forankra, skårar høgast. Det er likevel slik at dei som har ein omfattende og detaljert strategi for bruk av IKT, også nyttar fleire verkemiddel for å implementere strategien.

- Det kan sjå ut til at strategiske satsingar gjer ein forskjell, og at det derfor nyttar å arbeide strategisk med bruk av IKT i utdanninga. Resultata vi har funne kan og tyde på at det trengst eit sterkare leiarfokus på arbeidet med innføring av IKT, og at leiarar i større grad bør innsjå at organisatorisk forankring og forpliktande verkemiddel er viktige, seier direktør i Noregsuniversitetet, Eva Gjerdrum.

Noregsuniversitetets IKT-monitor er ei spørjeskjemaundersøking utført blant 5686 studentar, 701 fagtilsette og 188 instituttleiarar. Rapporten ”Digitale utfordringer i høyere i utdanning” kan kan du tinge frå post@norgesuniversitetet.no eller laste ned som pdf-fil: NUV-rapport 1/2009 - Digitale utfordringer.

For kommentarar, ta kontakt med:

Janne Wilhelmsen, prosjektleiar Noregsuniversitetets IKT-monitor, mob. 90087860

Eva Gjerdrum, direktør Noregsuniversitetet, mob. 93249290