Digital kompetanse - ei utfordring for lærarutdanninga

Marte Bratseth Johansen og Hildegunn Otnes frå NTNU har skrive ein kronikk om digital kompetanse i lærerutdanninga i Adressa 4. januar. Dei opnar noko spissformulert med at "Norsk utdanning har ensidig fokus på verktøyferdigheter og en tilfeldig «prøve og feile»-strategi for IKT i læring". Ein treng ikkje vere heilt samd i dette for å sjå at kronikken elles tek opp ei rad interessante problemstillingar.

Forfattarane tek og føre seg ein del funn frå Noregsuniversitetets IKT-monitor og andre undersøkingar, og presenterer eit prosjekt støtta av Noregsuniversitetet. Sjå heile kronikken her. Sentrale problemstillingar i kronikken er mellom anna: "Hva er digital kompetanse, hvilken digital kompetanse bør lærerne ha og hvem har ansvar for at den utvikles?" Dette er viktige spørsmål som det er verdt å diskutere vidare. Fleire resultat frå undersøkingar om IKT i utdanning blir trekte fram og problematiserte i artikkelen, og forfattarene presenterer kort eit utviklingsprosjekt ved Program for lærarutdanning ved NTNU, som siktar mot å betre den digitale kompetansen hos lærarar.

Sist oppdatert: 7. mai 2010