Læring med blogg - tilpassa brukarane
Jon Hoem frå Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen forskar på bruk av blogg i undervising og læring, og seier i eit intervju til forskning.no at dei læringsportalane som er i bruk ofte ikkje er godt nok tilpassa dei ulike studia sine behov. Bloggane gir meir valfridom og kontroll til brukarane, seier han. Hoem disputerte med avhandlinga Personal Publishing Environments på NTNU 21. august i år.
Avhandlinga frå Hoem ser nærare på bruk av personleg publisering i læring og utdanning, mellom anna på korleis ulike tekniske løysingar kan støtte ulike "kommunikasjonsmønster". I intervjuet i forskning.no peikar han vidare på at dei altomfattande læringsportalane er vanskelegare å tilpasse til dei ulike studia, og er laga ut frå tankegangen om at dei skal passe alle. Bloggar som hjelpemiddel kan hjelpe til med å tilpasse undervisinga til dei ulike gruppene, av di ein har meir valfridom her enn i læringsportalene.
