English

Digitale mapper - sluttrapport frå Noregsuniversitetets SKG

Noregsuniversitetets spesialkompetansegruppe for digitale mapper fullførte arbeidet sitt hausten 2008. Resultata av arbeidet i gruppa blei mellom anna ein særs innhaldsrik workshop og to nye, interessante publikasjonar om bruk av digitale mapper i høgare utdanning.

For å lese sluttrapporten om gruppa sitt arbeid, klikk på lenkje under Vedlegg nedanfor.

Spesialkompetansegruppa for digitale mapper blei oppnemnt av styret for Noregsuniversitetet 5. mai 2006, og blei sett saman av desse personane:

  • Førsteamanuensis Marit Allern, Universitetet i Tromsø (leiar)
  • Professor Olga Dysthe, Universitetet i Bergen
  • Førsteamanuensis Knut Steinar Engelsen, Høgskolen Stord/Haugesund
  • Dagleg leiar Torhild Slåtto, Norsk forbund for fjernundervisning
  • Konserndirektør HR Tone Øvregård, EDB Business Partner Norge AS

Spesialkompetansegruppa blei gitt eit mandat som blant anna omfatta dette:

Gruppa skal fokusere på bruk av digitale mapper både i pedagogisk samanheng i høgare utdanning og i arbeidslivssamanheng, knytt til livslang læring.

Gruppa skal overvake det som skjer innafor feltet digitale mapper. Ho skal hjelpe til å samle kunnskap nasjonalt og internasjonalt, analysere denne kunnskapen og spreie han til relevante målgrupper. Det er eit mål at kunnskapen som blir skaffa fram kan brukast av lærestadene og andre aktørar i arbeidet med digitale mapper, og som grunnlag for utforming av politikk innafor utdanning og andre relevante område.

I tillegg til å samle eksisterande kunnskap, skal gruppa identifisere problemstillingar det er behov for å arbeide vidare med i forskings- og utgreiingsverksemd. Behov for vidare utgreiing og forsking skal i samråd med Noregsuniversitetet formidlast til relevante institusjonar og styresmakter, som til dømes Kunnskapsdepartementet."

Sluttrapporten gjer kort greie for gruppa sitt arbeid, resultat av dette, nokre konklusjonar frå utgreiinga "Digitale mapper i høyere utdanning" og nokre problemstillingar og tilrådingar for vidare forsking og utviklingsarbeid på feltet.