Planlegg rettleiingsteneste om opphavsrett
Det er mange gode grunnar til å dele læringsressursar og til å bruke ressursar andre har utvikla. Men deling og gjenbruk av digitale læringsressursar leier ofte til spørsmål om opphavsrett og andre juridiske utfordringar. Noregsuniversitetet startar no med å planleggje ei juridisk rettleiingsteneste for utvikling, bruk og deling av digitale læringsressursar, og inviterer andre aktørar til samarbeid om dette.
Fleire har peika på at det er lite ønskjeleg at kvart fagmiljø eller kvar lærestad skal finne eigne løysingar på juridiske utfordringar knytt til digitale læringsressursar. På konferansen Med rett til å dele oppfordra ein workshop Noregsuniversitetet til å ta initiativ til ei felles rettleiingsteneste – og til å involvere andre relevante aktørar som eCampus/Uninett, Senter for IKT i utdanninga og Universitets- og høgskolerådet i dette arbeidet.
Noregsuniversitetet har sett av midlar i budsjettet for 2010 til dette.
Annan nyttig informasjon om juridiske utfordringar knytt til utvikling, bruk og deling av digitale læringsressursar:
- På nettsida til konferansen Med rett til å dele finn du filmopptak frå innlegg på konferansen, lenkjer til blogginnlegg og anna. Sjå og oppsummering fra workshop på konferansen.
- Denne rapporten fortel om rettleiingstenester i andre land.
- På rett hylle med åndsverksloven frå ABM utvikling gir ei god innføring i opphavsrett.
- I Danmark finst ei god nettside om e-læring og jura.
