English

Noreg med i 21 eContentplus-prosjekt

Norske organisasjonar er med i nesten ein tredjedel av dei 67 prosjekta og tematiske nettverka som har fått støtte i den tida programmet eContentplus har verka.

Prosjekta går over fleire år, så berre nokre få er ferdige. Dei fleste held på ut 2009 og mange inn i 2010 og 2011. Prosjektdrøftingar etter siste tildelingsrunden held enno fram. Last ned oversikt over alle prosjekta Noreg tar del i, eller har tatt del i.

Avslutta

eContentplus var Europakommisjonens program for digitalt innhald 2005-2008. Støtta har gått til store prosjekt som skal gjere informasjon lettare tilgjengeleg og enklare å nytte for næringsliv og einskildpersonar på dei tre satsingsområda geografisk informasjon, digitale læringsressursar og digitalt bibliotek/kulturinnhald. Ein del av målsettingane for programmet blir vidareførte under IKT-delen av EUs rammeprogram for konkurranseevne og innovasjon 2007 - 2013 (Competitiveness and Innovation Framework Programme - CIP).

Tre nye med norsk deltaking

I siste tildelingsrunden var det norsk deltaking i 3 av 14 prosjekt som fikk støtte:

  • Asplan Viak Internet AS i beste-praksisnettverket Plan4all-prosjektet (plandata)
  • Hypatia AS i prosjektet OpenScout (opne læringsressursar innan management-faget)
  • ABM-utvikling/Nasjonalbiblioteket i nettverket Europeana 1.0, som er ei forlenging av det noverande European Digital Librarynet/Europeana-nettverket

Enno to søknader med norsk deltaking kom kom rett "under streken": Universitetet i Oslo med digitalisering av arkeologiske samlingar og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet med open publisering innan informatikk.

Ingen norske i Open Access-nettverk

Det har også vore ein viss kontakt mellom norske miljø og eContentplusnettverket Communia "The European Thematic Network on the Public Domain in the Digital Age" (2007?2010), utan at det har lukkast å finne ein interessert norsk partner.

Godt resultat

Norske verksemder har tatt del i 64 av 589 søknader totalt i perioden, og i heile 21 av de 67 prosjekta og nettverka som har fått støtte. Nærings- og handelsdepartementet har betalt ein kontingent på ca. 40 millionar kroner for norsk deltaking i eContentplus. De norske verksemdene som tar del får direkte ca. 25 millionar kroner "tilbake" gjennom samarbeidet.