Sluttrapport frå ekspertgruppa om den vaksne studenten

Ekspertgruppa om den vaksne studenten fullførte hausten 2007 arbeidet sitt for Noregsuniversitetet. Gruppa føreslår i sluttrapporten sin ei rekkje gode tiltak som kan hjelpe til å synleggjere og betre dei vaksne studentane sin situasjon.

Forslaga til tiltak frå ekspertgruppa kan summerast slik:

1) Å betre statistikkgrunnlaget om vaksne og fleksible studentar.
Å synleggjere vaksne, fleksible studentar i høgare utdanning ved hjelp av nasjonal statistikk har vist seg å vere ei vanskeleg oppgåve, prega av stor uvisse. Det blir derfor foreslått å registrere studentar ut frå basiskriterier der ein skil mellom heiltid og deltid, grunnutdanning og vidareutdanning, førstegongs- og "fleirgongs"-studentar, og til slutt ”on-campus” og ”off-campus”.

2) Å etablere spesielle økonomiske stønadordningar for vaksne studentar
Auka vekt på kompetanseoppbygging i vaksen alder og gode stipend eller stønadordningar for vaksne vil kunne stimulere til eit lengre yrkesaktivt liv for mange. Stipend/stønadordningar vil kunne ha særleg verdi for vaksne førstegongsstudentar.

3) Å utvikle utdanningsinstitusjonane organisatorisk, pedagogisk og når det gjeld kompetanse, slik at dei klarer å leve opp til dei krava og forventingane vaksne studentar har
Lærestadene sine studietilbod for vaksne tek ofte utgangspunkt i tradisjonelle studiemodellar og tek i for liten grad omsyn til dei spesielle prioriteringane, behov og ønske som denne studentgruppa har. Det bør derfor utviklast nye former for tilrettelegging av studium.

4) Å hjelpe til ei klarare organisatorisk forankring av utdanning på arbeidsplassen og utviklinga av relasjonen arbeidsliv – utdanningssystem.
Det bør bli utvikla samarbeid om korleis formelle studium betre kan integrerast i arbeidskvardagen. Eitt viktig tiltak kan vere å utvikle og prøve ut studiemodellar som tilrettelegg for studiearbeid organisert som kollektive prosjekt på arbeidsplassen. Strategiske midlar ved lærestadene bør bli sette av til utprøving av nye modellar og arenaer for samarbeid med arbeidslivet og for systematisering av dei erfaringane som er gjord på dette feltet.

5) Å modifisere det utdanningspolitiske biletet av kva ein student er
Dei foreslåtte tiltaka føreset ei meir differensiert forståing av kven studentane i høgare utdanning er, og av situasjonen for dei vaksne studentane. Det inneber å erkjenne at det offisielle utdanningspolitiske biletet av den unge heiltidsstudenten som skal raskast mogeleg gjennom utdanningssystemet, ikkje passar med dagens (og kanskje morgondagen) sine realitetar. Tida er moden for ei kursendring.

Sluttrapporten frå gruppa kan lastast ned som pdf-fil her.

Sist oppdatert: 9. feb 2011