Færre usynlege studentar?
Kan opne studentprofilar på nett gi den store "usynlege" gruppa av vaksne studentar meir merksemd? Det meiner NKI sin utviklingsleiar og professor i nettbasert utdanning, Morten Flate Paulsen.
- Dersom 10 prosent av nettstudentane til NKI hakar av for "global synlighet" i dei personlege profilane sine i den digitale læringsplattforma, er det straks tusen personlege presentasjonar på nettet, seier Paulsen til Norgesuniversitetet.
Ein månad etter at NKI opna for ekstern vising av studentprofilane i læringsplattforma, har allereie 250 studentar valt å gjere det.
Paulsen oppmodar andre lærestader til å gi nettstudentane same moglegheit. Det vil gi merksemd til den einskilde studenten og universitetet/høgskulen, men ikkje minst til vaksne studentar generelt. Trass i at vaksne som studerer ved sidan av arbeid utgjer ein monaleg del av studentane i høgare utdanning, er merksemda til samfunnet og lærestadene framleis mest på den tradisjonelle, unge, heiltidsstudenten.
Paulsen trekkjer fram ei rekkje fordelar ved opne studentprofilar:
- Studentar set pris på ein enkel måte å dele informasjon om kursa sine med familie, vener og kollegaer, og i sosiale nettverk og tenester som facebook og linkedin.
- Studentane blir meir synlege for potensielle arbeidsgivarar.
- Det gir ubetaleleg reklame for lærestaden, og gjer dei synlege i søkjemotorar.
- Vaksne studentar som har det for travelt med jobb og familieliv til å engasjere seg i studentpolitikk, kan bli meir synlege utan ekstraarbeid.
Lenkje: NKI sin opne katalog med studentar, lærarar og tilsette.
